Vi lanserer ny nettside

Om kort tid blir nye Ullensvang kommune ein realitet – 01.01.20. Nye nettsider er under arbeid og vil bli lansert ved årsskiftet når vi er ny kommune.

Ei kommunal nettside inneheld mykje informasjon og skal dekke mange ulike behov. Vi har bygd sida for ditt behov som innbyggjar og for deg som driv næring i kommunen vår. Vi håper at de vil oppleve at nettsida er brukarvenleg og enkel og finna fram på.

Dette kjem

Nettsida som blir lansert er i fyrste fase og kjem berre til å innehalde det mest nødvendige av informasjon som innbyggjarane treng. Innhald til nettsida, samt utvikling av løysingar for sjølvbetening og digital dialog vil ein jobba med fortløpande framover i 2020. 

Kvar finn eg dei gamle nettsidene?

Dei gamle nettsidene til Jondal kommune, Odda kommune og Ullensvang herad skal leggjast ned, men dette skjer ikkje frå 01.01.20. Frå nytt år vil dei gamle nettsidene bli satt i “lesemodus”. Det vil sei at du som innbyggjar finn all informasjon på dei gamle sidene, men dei vil ikkje bli oppdatert med ny informasjon og linker til ulike skjema mm. er fjerna.

Adressa til Ullensvang kommune si nettside for kommunesamanslåinga og adressa til ny nettside er den same: ullensvang.kommune.no 

Kva skjer med sosiale media kanalar?

Facebook-sida til Ullensvang kommune finn du på www.facebook.com/ullensvang.kommune/

Facebook sidene til dei tre “tidlegare” kommunane vil som nettsidene ikkje å bli oppdatert med ny informasjon frå 2020. Du som innbyggjar må starte å følgje Ullensvang kommune på facebook for å halde deg oppdatert på informasjon frå kommunen.

Du finn oss også på Instagram: @ullensvangkommune