Innbyggjartorg

2. januar skrur vi på lysa på tre innbyggjartorg i Ullensvang kommune. Innbyggjartorga vert på Torget 2-4 i Odda, Heradshuset i Kinsarvik og Blåhuset i Jondal. Innbyggjartorga er innbyggjaren sin veg inn i kommunen.

For Ullensvang kommune er det ein grunnleggjande tanke at vi skal gje tenestene våre lokalt, og at det er relevante tenester der folk bor. Innbyggjartorga er ein del av den tanken. 

Visjonen vår er å verta ein god 1. linjeteneste slik innbyggjarane får raske svar, då er vi avhenging av kunnskap om mykje. Vi har ikkje all den kunnskapen i januar, men vi skal hjelpa alle som kjem med å få svar på dei spørsmåla dei har.

For at alle tenestene i Ullensvang kommune skal verta gjeve lokalt vil vi leggja til rette for at innbyggjarane kan møte sakshandsamarar frå alle dei ulike fagområda på innbyggjartorga.

For at alle tenestene i Ullensvang kommune skal verta gjeve lokalt vil vi leggja til rette for at innbyggjarane kan møte sakshandsamarar frå alle dei ulike fagområda på innbyggjartorga. Alle tre stadene vil ha møterom som er dedikert til møter mellom innbyggjar og sakshandsamar. 

Alle møta med sakshandsamarar vil skje etter avtale på faste dagar. Det vil vera litt ulikt kor ofte sakshandsamarar vil vera å treffe på dei ulike innbyggjartorga, men dersom det viser seg at behovet er større enn det me planlegg for, så vil vi justera det. Vi vil hjelp til å opprette avtaler med sakshandsamarar. 

Ullensvang kommune har ein målsetning som digitalt fysteval. I tillegg til dei fysiske innbyggjartorga arbeider vi med ny nettside. Den vert lansert i årsskifte og skal vera vår primære informasjonskanal for tenestene våre. På nettsida vil vi ha ein “mi side” der innbyggarane vil finne alle søknadsskjema o.l. Alle skjema skal vera digitale.

På innbyggjartorga vil vi ha publikumsmaskiner der innbyggjarne våre kan få hjelp og rettleiing til utfylling av skjema.

Innbyggjartorga, slik som dei er tenkt, er nytt for oss, og dei vil vera i utvikling i heile 2020. Vi vil nytta 2020 til større brukarmedverknad både frå innbyggjarane og verksemdene. Det har vi ikkje klart å prioritera i haust. 

Innbyggjartorga er ein del av verksemda Innbyggjar- og interservice, og vil òg ha ansvaret for nettside, innbyggjarportal, sentralbord og postmottaket.