Forlenga sakshandsamingstid og manglande postliste på nett for kommunen i oppstarten av januar

Kommunesamanslåinga fører til ei rekke endringar i kommunen sine fag- og arkivsystem. Mellom anna vil me ikkje ha anledning til å kunne føre post i ein periode. Samstundes vil matrikkelen (sentralt eigedoms-, adresse- og byggregister) vil vere stengt for samanslåingskommunane. 

Som ein følgje vert det forlenga sakshandsamingstid innanfor fleire tenester. Spesielt utsette tenester er plan-, bygg- og oppmåligssaker. 

Postlista for Ullensvang kommune vil verta tilgjengeleg på nettsida i løpet av januar. Postlistene for Jondal kommune, Odda kommune og Ullensvang herad vil vera tilgjenglege på dei gamle nettsidene som vil vera lesbare ein periode framover i 2020. Postlistene vil så verta flytta over til Ullensvang kommune si nettside.

Ullensvang kommune ber innbyggarane som vert råka om forståing for situasjonen.